Bistanden verkar – når nokon stiller spørsmål
Noreg har dei siste 15 åra gjeve bistandsmidlar til over 100 amerikanske forskingsinstitusjonar, tankesmier og konsulentfirma, mellom dei International Peace Institute (IPI), utan at nokon har stilt spørsmål om effekten. Problemet er likevel prosessen, ikkje at bistand ikkje verkar.

KI-generert illustrasjon fra Midjourney.
Hovedmomenter
I førre utgåve av denne avisa stiller tidlegare Norad-fagdirektør Øyvind Eggen ein diagnose som fortener merksemd. Det interne kriteriet i UD for bruk av bistandsmidlar har ikkje vore «er dette den beste bruken av pengane?», men «kan dette forsvarast som bistand?». Det er ein avgjerande skilnad. Den fyrste tilnærminga tvingar fram reelle alternativvurderingar: kva gjev best resultat? Den andre tilnærminga opnar døra for at praktisk talt kva som helst kan finansierast.
Og det er nettopp det som har skjedd. Eggen stadfester at støtta til mellom andre IPI aldri vart underlagt dei same resultatkrava som bistandsorganisasjonar.
I Noreg har vi statens utgreiingsinstruks (utredningsinstruksen) som skal sikre at offentlege midlar vert brukte på best mogleg vis, og at det vert gjort reelle alternativvurderingar. I instruksen står det mellom anna: «Ufullstendig eller manglande utgreiing aukar risikoen for at det vert fatta avgjerder (...) som inneber sløsing med samfunnets ressursar.» Dessverre har UD i årevis vore det einaste departementet i Noreg som ikkje følgjer utgreiingsinstruksen.
Men – vi må ikkje kaste barnet ut med badevatnet. Hadde vi oppdaga dårleg pengebruk i norsk skulesektor, ville vi granska dei ansvarlege – ikkje slutta med utdanning. Slik må vi òg tenkje om bistand. For vi veit mykje om kva som verkar – og Noreg har i all hovudsak gjort nettopp det.
I dei same 15 åra som Noreg støtta IPI med 130 millionar kroner, gav Noreg om lag 100 gonger meir til vaksinealliansen Gavi. Noregs bidrag åleine medverka til å redde fleire menneskeliv enn det vart fødd menneske i Noreg i denne perioden – godt over éin million liv. Det er eit resultat Noreg kan vere stolt av.
Noreg har i dag over tusen avtalar på bistandsbudsjettet. Ingen trur at det er optimal strategi for å få best mogleg resultat, eller at alle desse hadde vore finansiert om UD hadde følgd utgreiingsinstruksen. Både Epstein-skandalen og USAs dramatiske bistandskutt peikar i same retning: bistanden treng meir konsentrasjon, betre alternativvurderingar og tydelegare prioriteringar.
Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om utviklingspolitikk som skal leggjast fram våren 2027. Utviklingsminister Aukrust seier han planlegg ein reform. Det er bra, men det vil berre skje dersom Stortinget tør å stille det rette spørsmålet: Ikkje kva midlar på statsbudsjettet kan teljast som bistand, men kva som er den beste bruken av bistandsmidlane.
UD bør gjere som alle andre departement: følgje utgreiingsinstruksen, vere opne om avgjerder og vise at kvar bistandskrone vert brukt der ho gjer mest nytte. For det er verdas fattigaste som betalar prisen når vi ikkje gjer det.
Mer fra Langsikt

Innspill til strategi for Norges samarbeid med Verdensbanken
Norge bør se sitt samarbeid med Verdensbanken, spesielt IDA, som mer enn et bistandsverktøy — det bør være en del av vår langsiktige strategi for å bidra til en stabil og motstandsdyktig verden med mindre ulikhet og mindre fattigdom. Her er ni innspill til hvordan.

Innspill til statsbudsjettet 2026, utenriks
Norsk bistand kan utrette langt mer om den prioriteres riktig. Her er forslag til hvordan.

Innspill til utviklingsministeren i lys av globale bistandskutt
Globale bistandskutt må få konsekvenser for norske prioriteringer.

Bistandprosentens død: En analyse av hva norsk bistand går til
Aldri før har andelen norsk bistand som går til fattigdomsreduksjon og utvikling vært lavere.
Se alle våre publikasjoner her